Ta vare på matjorda!

10. september 2015

Behovet for ein større diskusjon rundt kva som eigentleg er menneskelege behov stig i takt med temperaturen på kloden – har me til dømes behov for å reisa til Syden kvart år? – men eit behov gjeld for alle og har alltid gjort det – behovet for mat. Vår framferd vil alltid stå for inngrep i naturen, men me må vera veldig bevisste på kva som er reversibelt og kva som ikkje er det. Matjord er i praksis ein ikkje-fornybar ressurs, den matjorda me bygger ned får me ikkje tilbake, for oss har difor matjord uendeleg stor verdi – vår innsats i bystyret vil reflektera det.

Me er nøydd til å ta betre vare på den matjorda me har. Me har begynt å verta klar over alt livet som skjuler seg i 5-10 cm med toppjord og kor viktig samspelet mellom livet der og planter me dyrkar er. Mange peiker på at forsking så langt ikkje eintydig kan sei at økologisk mat er sunnare for oss enn ikkje-økologisk mat, men det er ingen tvil om at eit økologisk jordbruk er betre for organismane i jorda som me er heilt avhengige av for å produsera mat.

Eit skifte til økologisk drift kan vera vanskeleg for bønder å få til å gå opp økonomisk – og mykje handlar om for låg etterspurnad. Dei Grøne vil difor ta i bruk kommunen si makt som storinnkjøper av mat; innan 2017 vil me at 50% av maten som kommunen kjøper inn skal vera økologisk.

Me vil og jobba for å legga til rette for fleire andelslandbruk som vil bidra til at fleire bønder får større økonomisk tryggleik ved at dei får ei fast og føresjåande inntekt – uavhengig av avlinga frå år til år. Når folk er med maten i heile prosessen frå “jord til bord” trur me og respekten for maten vår stig slik at me kastar mykje mindre mat.

Dyrking av mat er ein av dei aktivitetane som har størst evne til å bringa folk saman på tvers av bakgrunn og kultur – nettopp fordi det er eit universelt behov. Me vil difor ha meir dyrking over alt der me kan: i barnehagar, i skular, i burettslag og rundt om kring i byen. Meir urban dyrking trur me vil bidra til å bygga sterkare lokale fellesskap som vil auka livskvaliteten for mange og bidra til mange nye sosiale arenaer der nye og spennande idéar for framtida kan oppstå; mat er framtida – stem grønt!

skrevet av Vegard Bilsbak

De Grønne i Trondheim vil blant annet:

  • innføre innkjøpsordninger som sikrer 50% økologisk mat i offentlige institusjoner og kantiner innen 2019
  • stoppe nedbygging av matjord og legge til rette for bynært landbruk og urban dyrking
  • at nye arealplaner for by-/boligområder skal inneholde øremerking av areal til lokal matproduksjon