Skulen som meir enn ein kunnskapsformidler

Dei Grønne har lenge snakka om at livsmestring, bærekraft og empati må bli ein del av skulen, og vi er glade for at vi no høyrer fleire politikerar snakke om ein skule som skal vere meir enn kun ein kunnskapsformidler. Spørsmålet er korleis dette best skal skje.

Vi må finne løysingar som ikkje begrenser seg til fleire fag, etterutdanning av lærerar og fleire kompetansekrav. Vi meiner at like viktig som det er å sjå på kva ein skulekvardag skal inneholde, er det å sjå på korleis den organiseres og korleis kunnskap formidles.

Livsmestring læres sjelden gjennom fag og oftere gjennom praksis. Arbeidsmetoder som legg til rette for refleksjon, ansvar for egen læring, forståelse for andres meiningar og rom til å prøve og feile kan brukes i alle fag og vere meir forebyggende enn undervisning om psykisk helse, kroppspress og mobbing. Ein skule som tilrettelegg for større mangfold av styrker, svakheiter og interesser og vil også auke livskvalitet og lærelyst.

Ønsker vi å ta barn og unge sin psykiske helse på alvor er det og på tide å skille mellom testing og vurdering for læring og testing for rangering, på kommunalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Måling av konkurransedyktighet mellom ulike land er ikkje forankra i pedagogikken, men i næringslivet, og skaper prestasjonspress, konkurranse og hierarki som er problematisk for elevane og det sosiale felleskapet på og rundt skulen.

I skulen i dag lærer vi lite strukturert, om rett og slett det å vere menneske og å samhandle. Det å bry seg om seg sjølv, om venner, samfunnet og naturen og jorda er ein viktig kompetanse, og i tillegg til fagkunnskap, er dette det viktigaste vi kan lære for å bli gode samfunnsborgarar. Det er også naturlig at vi i eit samfunn som raskt forandrer seg har ein skule som møter dagens og ikkje gårsdagens behov. Det fins mange fagmiljø som jobber med nettopp dette, enten det er opp mot den offentlege skulen, eller med skular med alternativ pedagogikk og det er viktig at vi ser til desse når vi no ønsker å ta grep.

 

Mari Bremnes Ese

Bystyrerepresentant for Miljøpartiet De Grønne og medlem av oppvekstkomiteen