I ei tid der kravet om læring, kartlegging og testing dominerer, ønsker Dei Grøne ein skule som har meir vekt på medmenneskelege, praktiske og kreative utfordringar. I tillegg til å vere kunnskapsformidler, bør skulen ha fokus på å gi barn dei verktøya som skal til for å utvikle livsmestring, livskvalitet og toleranse.
I dag ser vi dessverre at førekomsten av depresjon, angst og andre psykiske lidingar har auka betraktelig, og det viser seg spesielt hos yngre menneske. I tillegg er det svært mange unge i dag som slit med psykososiale problem som ikkje blir fanga opp. Av dei som avbryt vidaregåande utdanning er einsemd oppgitt som vanligaste årsak. For å redusere førekomsten av mobbing, depresjon, angst, spiseforstyringar og å auke trivselsfaktoren i skulen, er vi nøydd til å sjå på bakanforliggande årsaker til at dei oppstår og prøve nye tilnærmingar.
Det er mykje prestasjonspress knytt til unge i dag og i samfunnet elles. I tillegg til å jobbe for å snu denne samfunnstrenden, er Dei Grøne opptatt av at vi må hjelpe barn og unge til å handtere det. Dette må og skulen ha som oppgåve, i større grad enn den har i dag.
Dei Grøne vil jobbe for ein rausare og meir fleksibel norsk skule som lar barn vere barn, lar ungdom velge det dei mestrar og som anerkjenner at utover fagkunnskap, er sjølvinnsikt, sjølvregulering og medmenneskelegdom det viktigaste å lære for å bli gode samfunnsborgarar.
Skrevet av Mari Bremnes Ese
Miljøpartiet De Grønne i Trondheim vil blant annet:
- øke kunnskapsnivået rundt psykisk helse blant lærere og andre som jobber med barn og unge
- innføre en prøveordning i utvalgte skoler med livskunnskap integrert i KRLE-faget
- vektlegge brukermedvirkning i organisering av tjenester i kommunen
- styrke skolehelsetjenesten
- påby merking av retusjert reklame og jobbe for å fjerne seksualisert/kjønnsstereotyp reklame fra det offentlige rom