Trondheim MDG ynskjer velkomen til juleavslutning

Onsdag 17. desember vil det være juleavslutning for medlemmer og interesserte i Befalsforeninga (Vår Frue gate 4) klokka 18.30. Andreas Bergsland vil halde innlegg om valkamparbeidet, Jan Bojer Vindheim om MDG sitt arbeid i bystyret, programkomitéen vil fortelle om arbeidet med programmet i tillegg vil det bli informert om kva som kjem til å skje framover både når det gjeld møter og valkamp.

Trondheim MDG stiller med drikke, men elles ynskjer vi at alle tek med seg noko å bite i. Fint om de sender ein epost om kva de eventuelt ynkjer å ta med dykk til trondheim@mdg.no. Vi ser føre oss lett servering.
Arrangementet vil vere alkoholfritt, men det er moglegheit for å dra ut i etterkant av møtet. Juleavslutninga blir eit fint høve å bli oppdatert på kva som skjer, diskutere politikk og for sosialt samver med politisk likesinna. Velkomen skal de vere!