Vegard Bilsbak

4. kandidat

Vegard Bilsbak (f. 1984) er utdanna sivilingeniør i Energi og miljø på NTNU og har sidan endt utdanning jobba som prosessingeniør innan olje- og gassbransjen i Bergen og Trondheim. Privat har han utvikla eit stadig sterkare engasjement for samfunn, miljø og klima; etter retur til Trondheim har Vegard blant anna vore aktiv i Framtiden i våre hender og Medalhus andelslandbruk.

Etter snart 6 år som halvt grøn, halvt svart sluttar Vegard no som oljeingeniør for å satsa fullt ut på det grøne. Ved sida av bystyreplass, starter han frå hausten av som grøn gründer ved hjelp av sitt eigne oppsparte oljefond.

«Omstilling til eit berekraftig samfunn krev endring nedanfrå og opp – politikarar må legga til rette for at sterkare lokale fellesskap kan skapa den grøne innovasjonen me er avhengige av!»

Hjertesaker

  • Nøkkelen til eit berekraftig samfunn er sterke lokale fellesskap
  • Me må ta tilbake maten vår gjennom urban dyrking og fleire andelslandbruk
  • Grøne arbeidsplassar krev større demokratisk medverking frå dei tilsette
  • Vekstbasert forbruksøkonomi må gje plass til ein frivillig økonomi fundert på tillit, samarbeid, sirkulasjon og gjenbruk