Mari Bremnes Ese

2. kandidat

Mari Bremnes Ese (34 år f. 1980) er utdanna grafisk designar og er leiar for Framtiden i våre hender i Trondheim. Ho er født og oppvakse i Sogn, men har vore store deler av barndommen i Kenya og Zambia.

Mari er ein idealist og vier store deler av tida si til frivillig arbeid, særleg knytt til klima- og miljøarbeid. Mari har trua på at eit godt samfunn er eit samfunn som tar vare på medmenneske, så vel som jorda vi er avhengige av. Vi må finne tilbake til ein del grunnleggande verdiar.

«Forbruk og vekst er ikkje gode målingar på kor godt eit samfunn er. Eg trur at me kan løyse mange av klimaproblema vi står overfor i dag ved å skape eit varmare samfunn der me inkluderer alle og der vi tar ansvar for kvarandre. Derfor må me skape miljøpolitikk i alle politiske sektorar. God menneskepolitikk gir god miljøpolitikk.»

Hjertesaker:

  • Skape meir fellesskap og fleire inkluderande plattformer som gode alternativ til forbrukskultur og individualisme
  • Ein rausare og meir fleksibel norsk skule med mindre fokus på testing og kompetansemål og meir fokus på sjølvinnsikt, følelsar og medmenneskelegdom
  • Auke bevisstheten rundt mat som ein verdifull ressurs, matkasting, vegetarmat og kosthold